Head Hunter

Head Hunter reglar:

Lag
Individuell
Flagg
Ingen
Eliminering
Normal
Lagfordeling
Ulik
Flaggets lokalisering
Utstyr
Ubegrensa
Varigheit
10-15 minutt
Mål
Ingen
Ball
Ubegrensa
Målets lokalisering
Ukjent
Roller
Ingen

Beskrivelse
Dette er eit klassisk «kjemp for deg sjølv» spel. Ein morsom måte å teste dine ferdigheiter mot kameratane dine på og å kvitte deg med alle i nærheiten rimeleg fort. Mange forskjellige spelestilar kan spele sammen her; alt frå springing og hurtig skyting – til den meir rolege og smygande typen.

Oppsett
Alle spelarar får utdelt eit armbånd kvar. Instruktøren syner startpunktet som er omtrent midten av bana. Instruktøren bles i fløyta. Deretter får spelarane 30 sekundar på seg til å spre seg og kome seg i dekning. Spelarane kan gøyme seg så langt unna dei vil innanfor grensene til bana. Instruktøren bles i fløyta att og alle spelarane skal stoppe opp, – då seier intruktøren  «kondom av». No byrjar nedteljinga att (som er 30 sekundar) og instruktøren bles i fløyta att for tredje gong, og spelet startar.

Mål
Eliminere andre spelarar og samle inn så mange armbånd som mogeleg.

Spel
Spelarane forsøker å eliminere alle andre spelarar. Når ein spelar er markert (treft), står han opp i posisjonen han blei markert og held markøren over skuldrene. Han tek av sitt armbånd og gjev det ifrå seg med motsatt hånd av den han har markøren i. Alle spelarar kan ta armbåndet frå ein markert spelar. Når armbåndet er levert kan han forlate bana – ikkje før. Ein spelar beheld fortsatt sine innsamla armbånd etter dei har blitt skotne. Det er berre armbåndet han berer sjølv som kan samlast inn. Dette legger opp til ein aggresiv spelestil der du må tenkje kun på deg sjølv og samle trofèar, og ikkje hjelpe andre spelarar.

Scoring
Spelar med flest armbånd vinn etter at spelet er slutt. Spelet sluttar når alle utanom ein spelar er eliminert og antalet armbånd er opptelt.

Taktikk
Spelar bør finne eit godt startpunkt. Haldning er eit eit stort fokus i dette spelet, og prøv å unngå tre (eller fleire) skot mot andre spelarar samtidig. Ver sikker på at eliminerte spelarar ikkje vert observert av andre spelarar før du går og hentar armbånd. Ver litt forsiktig angåande elimerte spelarar slik at vedkommande ikkje vert unødig treft. Den eliminerte plikter å ta av seg armbåndet med ein gong, og sjekk alltid om ein spelar har armbånd på seg før du sender han ei salve. Hugs at alle som er raske nok (eller modige nok) kan ta armbåndet til ein eliminert –  ikkje mist dine treff til luskete spelarar, men ver rask og observant sjølv. Vinnarar er oftast dei som er raske og observante og sjeldan dei som er over-forsiktige.

Comments are closed.