Capture the Flag

Capture the Flag reglar:

Lag
2
Flagg
2
Eliminering
Normal
Lagfordeling
Lik
Flaggets lokalisering
Kjent
Utstyr
Ubegrensa
Varigheit
5-15 minutt
Mål
Kjent
Ball
Ubegrensa
Målets lokalisering
Kjent
Roller
Ingen
Beskrivelse:
Dette er det klassiske paintball formatet. To lag forsøker å bringe motstandarlaget sitt flagg tilbake til sin eigen flaggbase (evt holde opp flagget) utan å miste sitt eige. Det finns mange mange variasjonar av dette spelet som er det mest vanlege rundt omkring.
Capture the Flag
Oppsett:
To lag deles likt. Laga får utdelt eit flagg av stoff. Laga startar på motsatte sider av bana og deira flaggbase.
Mål:
Ta flagget til motstandarlaget tilbake til sin eigen flaggbase.

Spelet:
Spelet startar med ei fløyte eller rop. Markerte spelarar er ute av spelet og returner til sin startbase. Dersom ein spelar vert skoten mens han berer flagget, vert han «nøytral» og må halde flagget over hovudet sitt til nokon tek det frå han (han er pliktig til å gje det frå seg). Spelarar kan velje om dei vil ta deira eigne flagg frå den skotne flaggberaren direkte til sin eigen base, eller la flagget vere der som flaggberaren vart skoten. Spelarar frå motstandarlaget kan også ta flagget og forsøke å få det til sin eigen base.

Spelet sluttar med ein gong når eit av laga greier å få motstandarlaget sitt flagg i berøring med sin eigen flaggbase, eller når tida er ute (tidsbegrensning kan avtalast på førehand).

Scoring:
Laget som tek motstandarlaget sitt flagg vinn. Dersom eit flagg er i bevegelse når tida går ut, vil det laget som fortsatt har sitt flagg hengande vinne. Dersom ingen flagg er i bevegelse når tida går ut, vil det laget som har flest spelarar att vinne.
Taktikk:
Vurdèr gjerne spelarane til motstandarlaget, planlegg som lag kor den enkelte skal ha fokus. Bruk gjerne ein spelar til å passe flagget ditt. Ha full fokus på flaggberar når flagget ditt er i bevelgelse.
Comments are closed.