Spel og Reglar

spel og reglarSpel og Reglar. Me legg til rette for alle typar spel, og det er stort sett fantasien som set begrensninga (etter tryggleiken). Det er vanleg å prøve ut forskjellige spel og lags-samansetningar, og det er opp til deg kor mykje tid og ball du ynskjer å bruke. Me lagar arrangementet for deg!

Før spel og instruksjon kan starta må alle deltakarane ha lest, forstått sikkerhetsreglane. Etterpå vil deltakarane få utdelt nødvendig utstyr og ball.

Etter det er gjort vil me foreta en gjennomgang av korleis «våpenet» (markøren) fungerar, korleis du skal holde det, sikring av/ på, ladegrep, sikte, justering av vernemaske osv.

Deretter går me igjennom tryggleiken og bruken av løpskondom (kondom som hindra ball å kome ut av løpet), vernemaske og sikring av markør.

Når det er gjort, forklarar me spelereglane og delar gruppa i lag avhengig av program.

Kvart lag kan ha sin eigen base i kvar ende av bana, som oftast er startplassen og der du returnerer til dersom du vert markert (skoten). Laga har ein lagledar (ved større grupper), som sørger for at alle sikkerhetskommandoar frå instruktør / dommar vert overhold (som ikkje instruktør kan fange opp/ sjå).

Vanlege «farlege forgløymelsar» for nybegynnarar, er å ta av maska mens spelet er i gong eller før instruktør/ dommar ha sakt det. Auger og øyrer er det som er mest sårbart under paintball, derfor er me ekstra strenge med dette. Straffetiltak er å bli teken uten av spelet evt heile arrangementet/ utestengelse.

Etterkvart som spelarar vert markert (skotne) går dei tilbake til sin base med handa/ markøren over hovudet. På den måten kan laga heile tiden har oversikt over kor mange som er att i spelet. Maska er selvfølgeleg på heilt til dommaren har blest av spelet og sagt «kondom på maske av».

Comments are closed.