admin

På tur med Dag Otto på paintball

Ein ny serie med Dag Otto Lauritzen og Kristian Ødegård har premiere etter OL i Sochi. Denne gongen heiter serien «På tur med Dag Otto» som er ein oppføljar av «På hjul med Dag Otto». Det vert ein serie fullspekka av aktivitetar frå alle landsdelar.

På tur med Dag Otto og Kristian

Dag Otto Lauritzen og Kristian Ødegård.
Foto: www.retten.no

Me vart kontakta av produksjonsselskapet SeeFood TV i haust om å kunne hjelpe til med eit opplegg i Sogndal og Luster til serien, noko me var svært taknemlege for.

Her kan sjåarane glede seg til «jakt» med paintballgevær i Sogndals djupe skogar. Det var planlagt å ha det på paintballbana vår i Skjolden, men pga tidsnød fekk me det til i Sogndal med god hjelp av vår lokale instruktør Ola Johan Drægni.

Gled dykk :)

Klipp frå serien her: http://www.dagotto.no/index.php?articleid=66&show=1

Episoden sendes på TV 2, måndag 17. mars kl 20:00

Kan sjåast på TV 2 Sumo HER

Tags: , , , , , , , ,

%d bloggere liker dette: