| Om oss |
|
|
|
|
Luster Paintball Klubb er ei avdeling under Skjolden Rafting og har sin base i Mørkrid ved Skjolden i Luster kommune innst i Sognefjorden. Me starta med kommersiell painball i Indre Sogn (mai 2007) etter å ha fått støtte frå Luster kommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Støtta gjorde det mogeleg å kjøpa det viktigaste utstyret for å starte opp, og seinare har me av eigne midler investert i bygging av bane og kjøp av høgtrykk-kompressor. Her kan alle utfordre kvarandre i forskjellige spel etter ynskje. Alle våre instruktørar er erfarne og buande i Luster kommune (hovudsakleg i Skjolden området), som gjer at me kan stille opp på kort varslel dersom behovet skulle vere der. ![]() Klubben har faste spelekveldar annankvar veke for medlemar og ikkje medlemer, og alle kan bli medlem. Les meir om medlemskap her. Hovudmålet vårt er å byggje opp eit miljø for paintball i Indre Sogn, og auke komersielle aktivtetstilbod i området, som igjen er med på auka trivselen i eit område prega av fråflytting. Postadresse:
c/o Skjolden Rafting Beverveien 21, N-0596 OSLO Besøks/ aktivitetsadresse: 6876 SKJOLDEN Telefon: 47 39 24 60/ 99 62 35 58 E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen Organisasjonsnr: NO 989 804 456 MVA Bankkonto: 3785.12.39155 Vegbeskrivelse til bana vår finn du her! |




