• Heim
  • Nyheiter
  • Om oss
  • Nettbutikk
  • Kontakt oss
  • Bilder
  • Video NY!
  • 71 grader Nord

Relaterte lenker

Se episoden gratis her!
Stian M Maske
IMG 0017
Tom Og Tulling
IMG 7524
Jentene
IMG 7461
IMG 7516
Bane Med Deltakere
IMG 7489
IMG 7412
IMG 7522
IMG 7511
IMG 0011
Stiansen
Kristin
Dag Og Linn
IMG 7488
Kristin2
Tarjei
Kameramenn
IMG 7435
IMG 7530
IMG 7395
IMG 7525
IMG 7528
71 Grader Nord på besøk hjå Luster Paintball Skriv ut E-post
Skrevet av Terje A. Gudmundsson   
mandag 25. mai 2009 22:01
Del på Facebook
stiansen300 nf_logo_neg_rgb300
71N


Skjolden 14.mai:
Tom Stiansen med TV Norge sin realityserie 71 grader nord - "Norges vakreste eventyr" kom over Sognefjellet til Sognefjorden for første gong idag. Gruppa på 10 deltakarar hadde målgang kl 0900 ved Turtagrø Hotell, mens sola lyste opp toppane av Skagastølstindane. Vidare gjekk turen til Skjolden der det var duka for fleire utfordrande aktivitetar for både filmteam og deltakarar.

Det heile starta med at me vart kontakta av Nordisk Film i mars månad som hadde funne oss på internet og det endte med at dei ville legge turen over Sognefjellet i år. Dette var for oss ein spennande utfordring og det gjensto mykje arbeid med å få ei presentabel bane oppe og gå (som det gjekk an å lage film på). Dei ønska seg eit platå i tre til å ha kamerafolk i og området måtte vere passe ope og ha nok lys for kamera rundt omkring på bana.

Nokre dagar før ankomst av filmcrewet og nokre ferieveker fattigare, var endeleg området såpass bra at me rekna med dei vart fornøygde. Etter fleire "inspeksjonar" av sikkerheits og produksjonsteam var konklusjonen deira grei: "Dette vil bli bra".

Jan Fasting frå Fasting Outdoor var den første som kom til Skjolden og hadde hovudansvaret for tryggleiken. Som dei fleste som kjem til Skjolden blir dei overvelda over kor flott det er her. Før han inntok middag på hotellet vart han sendt til Mørkridsdalen av oss for å finne ei passande strekning for rafting. Det var lite vatn men nok til at dei fekk laga rafting ikkje langt frå paintballbana og hopping frå Liljabrui ved Hødnevollen. Han såg svært optimistisk på dei kommande dagane i Skjolden.

Skjolden vart brått snudd opp ned på nokre dagar og bøndene mista nesten fokuset sitt med sitt daglege arbeid då bussar og bilar med 71 grader nord logoar inntok sentrumsområdet 13.mai. Deltakarane skulle ha ein avgjerande frikortkonkurranse i Skjolden, først rafting med utstyr frå oss og deretter paintball på bana vår (som blei laga ferdig til besøket) med utstyr frå oss. Dei sykla over Sognefjellet først på dagen og hadde målgang ca kl 0800 i Turtagrø. Dette var første gongen dei kom over Sognefjellet under ein 71 grader Nord serie. Programledar Tom Stiansen vart nesten målaus over kor flott det var her sa han då han kom over Sognefjellet.

71 grader Nord inntok paintballbana vår den 14. mai på ettermiddagen etter ein liten pause etter rafting. Sympatiske Linn frå Nordisk film kom litt tidlegare og fekk god hjelp av oss i montering og transport av ei blytung kamerakran. Imponerande utstyr. Krana var omtrent 8 meter lang anordning i stål, som hadde kamera i eine enden og deretter tv-skjerm og styrepinne med vekter bak (for å holde tyngdepunkt og sikre korrekte bevegelsar i dei mest tenkelege vinklane). Linn var ei lita og nett jente og me kunne nesten ikkje skjøne at ho kunne ha denne tunge jobben. "En blir vant til det" - sa ho med et smil.. Me hadde overteke jobben til Tom Stiansen sa ho, som pleidde å skru inn alle boltane, og som heile tida klaga på at ho burde anskaffe seg ein batteridrill. Me var langt flinkare til dette enn han sa ho. Det var hyggeleg å høyre mens me låg på kne i ein skog av meterhøge bregner :).

Seinare kom resten av filmfolka og dei fekk nyta middagen i eit område som minna om Jurassic Park- sa ein av filmfolka, "mangla berre Tyranosaurus her no :)".

Brått vart det travelt på og ved øya og deltakarane skulle komme no. Dei kom med minibuss og måtte holde seg for augene då dei gjekk over brua. Heldigvis gjekk det bra. So var det heile igong, og spenningen var til å ta og føle på. Me hjalp til med og kle på deltakarane og med instruksjon/ sikkerheita. Deltakarane var utruleg hyggelege personar og me har allerede kåra vår vinnarfavoritt.

Etter instruksjonar og gjennomgang av diverse kunne Stiansen blese i fløyta og starte spelet. Fyrst spelte jentene mot kvarandre og etter på var det gutane som skulle til pers. Det var utan tvil jentene det var mest fart i og omgangen var over i løp av 5-10 minutt. Gutane var meir redde for å bli utskotne så dei låg meir i skjul bak hunveden og skaut i blinde. Dette medførte at me måtte fylle opp magasina fleire gonger under spelet til dei. Det var likevel tøff kamp for å unngå tap og å få tak i frikortet og eit morsomt skue.

Me jubla saman med filmteamet og tok ein skål i Bonaqua, då me var ferdig med dagen og rydda saman det meste.

Me gledar oss til til 71 grader nord til hausten og håper dette vil gje meirsmak til TV sjåarane.

"Vårt program" i serien (med 1 manns rafting, hopping frå Liljabrui og paintball) ser du på TV Norge frå måndag 12. og 19. oktober 2009 kl 2030 med repriser på søndager kl 1840 (episode 4).

Går du glipp av episoden kan du laste det ned her på Maxdone Web TV.


Del på Facebook
 
Du trenger innlogging eller registrering for kommentering. av artikkel. Alt er uforpliktande!! Kom igjen :)
Diskuter dette i forum. (0 posts)