• Heim
  • Nyheiter
  • Om oss
  • Nettbutikk
  • Kontakt oss
  • Bilder
  • Video NY!
  • 71 grader Nord
Les om 71 grader Nord sitt besøk
Les om TV Norge serien 71 grader Nord sitt besøk hjå oss her!
  • Heim
  • Kva er paintball?
  • Ditt arrangement
  • Spel og reglar
  • Bane, utstyr og kart
  • Logoar og Design
  • Sikkerhetsreglar
  • Spelekveldar
  • Medlemskap
  • Nettbutikk
  • Prisar
<<  Juli 10  >>
 M  T  O  T  F  L  S 
     1  2  3  4
  5  6  7  8  91011
12131415161718
19202122232425
262728293031 
Året 2009 Skriv ut E-post
Skrevet av Terje A. Gudmundsson   
Del på Facebook
splat
Snart er det jul og 2009 er historie.

I den forbindelse vil eg skrive nokre ord om året som har gått, kva me har oppnådd og kva me ser for oss i det kommande året.

Her er oppsummeringa. Vart mykje skryt her og ein tung lesning.. men men - les eller gi f.... Var fornøygd med juletreet i år iallefall, som du ser på bildet :)!

For eit år sidan var vår paintballbane Larsamoøy dekt av skog og me hadde kun sett opp ei bru for å komme inn til øya. I løp av vinteren og våren besto området stort sett av haugar med ved då det vart rydda mykje skog. Me er framleis av den oppfatningen av at det er mykje meir spennande å ha ei meir open bane å spele på enn berre skog. Øya vår er sopass stor at me kan ha begge deler og ha forskjellige soner med "speedball" og skogsspel. Det var også eit ekstra kick og motiverande å verte kontakta av Nordisk Film og 71 grader Nord i mars månad som var interresert i våres aktivitetar.

Gjennom våren 2009 hadde eg eit tett samarbeid med dei om korleis dei ville har bana for å få dei korrekte kameraposisjonane. Parallelt med det hadde me i løp av våren fleire arrangement, som utdrikkingslag og ungdomsgruppa ME`N`U som kom på besøk med ca 50 personar. I løp av påsken og begynnelsen av mai vart det sett opp stolpar og nett på bana for å gjere det heile meir publikumsvenleg. Langbord med rikeleg sitjeplass (for ca 50 personar) kom også opp. Då 71 grader nord kom 14. mai var alt på plass ihht våre mål.

Utover sommar og haust har me hatt god aktivitet og me oppretta også Luster Paintball Klubb offisielt den 20.09.2009, som har spelekveldar annakvar helg. Klubben har til hensikt å gjere inngangen til paintballsporten overkommeleg for alle og skape eit positivt miljø for alle. Vi tjener ikkje pengar på klubben, men ynkjer at medlemer skal vere med å vedlikehalde og utvikle bana og få gode opplevelsar her, som igjen kan generere meirsal for andre grupper. Alle som vil kan bli medlem av klubben uansett alder og du kan lese meir om betingelsar her.

Heimeside, Nettbutikk og Forum:
For omlag ein månad sidan vart nettbutikk oppretta på sida vår. Kvifor ikkje når me har gode importavtalar på utstyr og har kompetanse på import av utstyr, sal og design? Produktutvalet er litt begrensa ennå, men kan skaffe ca 800 forskjellige paintballartiklar til konkuransedyktige prisar og fleire artiklar vert lagt til etterkvart. Vi har i løp av kort tid solgt mange sett og spesielt til nybegynnarar og har det på lager. Nettbutikken har som mål av å vere billigast i landet. Spør oss alltid på pris først før du går og handler andre plassar. Det einaste me ikkje kan levere pr idag til alle er ball, pga lagerplassering.Sjekk nettbutikken vår her. Heimesida er stadig i utvikling og det mest moderne cms systemet på markedet er brukt, samt at den er søkemotoroptimalisert. Alle kan no også delta i diskusjonar på forumet som nyleg er oppretta.

Året som kjem (2010):
Målet er å utvikle bana endå meir og gjere området meir attraktivt for fleire aktivtetar, samt ha ein god utvikling med klubben. I desse dagar er parkeringsplass under bygging og tomt for lagerbygning. Parkeringsplassen vert grusa til våren etter at massane har sett seg etter vinteren.

Bana:
Bana skal utvidast og nettet skal forlengast. I den forbindelse må me rydde meir skog langs den vesle elva og tynne den eksisterande jungelen litt i løp av vinteren på området av øya me ikkje har brukt enno. Har planar om å bygge eit eller to Fort, og fleire element til våren.

Området ved bana:
Parkeringsplass skal scheinast opp, grusast og kantane evt såast til. Skilt med bobil forbudt må opp. Masse frå parkeringsplass skal javnast ut for å for evt framtidige byggverk eller telt/ lavvu. Servicebygning på øya skal planleggast og byggast ca 3-4 x 3 meter, for å gjere det enklare å håndterere større grupper. skal innehalde, skranke for kasse, plass til PA anlegg mixer, grill, lager for diverse, luftbank med fyllepanel, oppheng av dressar og sitjeplass på taket. Scene er også planlagt med tak som gjer at det kan arrangerast konsertar. I tillegg eit par toalett. Greit å få samle "skiten" utanfor området på ein plass :)

Arrangement:
Målet er å arrangere større paintballarrangement (big - games), utefestar når det blir varmare att og kanskje mindre konsertar etterkvart. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har tips. Diskuter denne artikkelen også!

Til slutt vil eg ynskje alle nye og gamle medlemer, samt alle andre som les denne artikkelen God Jul og eit Godt Nytt Paintball År ;)

 
Diskuter (3 poster)

Lasse
Sv:Året 2009
Nov 29 2009 21:43:43
Høres veldig bra ut!
#23

terje
Sv:Året 2009
Nov 29 2009 22:00:09
Takk
#24

Daniel
Sv:Året 2009
Nov 30 2009 15:24:07
Dette er sån med likar ja

P.S Bare digga juletreet og julebildet
#25

Du trenger innlogging eller registrering for kommentering. av artikkel. Alt er uforpliktande!! Kom igjen :)
Diskuter dette i forum. (3 posts)