• Heim
  • Nyheiter
  • Om oss
  • Nettbutikk
  • Kontakt oss
  • Bilder
  • Video NY!
  • 71 grader Nord
Les om 71 grader Nord sitt besøk
Les om TV Norge serien 71 grader Nord sitt besøk hjå oss her!
  • Heim
  • Kva er paintball?
  • Ditt arrangement
  • Spel og reglar
  • Bane, utstyr og kart
  • Logoar og Design
  • Sikkerhetsreglar
  • Spelekveldar
  • Medlemskap
  • Nettbutikk
  • Prisar
<<  Juli 10  >>
 M  T  O  T  F  L  S 
     1  2  3  4
  5  6  7  8  91011
12131415161718
19202122232425
262728293031 
Medlemskap PDF Skriv ut E-post

 

Alle som ynskjer det kan bli medlem i Luster Paintball Klubb.

Luster Paintball Klubb er ei eiga avdeling under Skjolden Rafting og har til hensikt å få eit auka fokus på sporten paintball i regionen. Me gjer at det skal vere enkelt og billeg for alle å vere med. Som medlem får du vere med i å utvikle den, noko som er både interresant og spennande saman med andre med same interresse.

Luster Paintball Klubb
-----------------------------------------
Medlemsfordeler:
Spele gratis på spelekveldar med eige utstyr.
Spele billeg på spelekveldar med leige av utstyr av oss.
Gunstig pris på ball.
Gratis fylling av luft på markørflasker på spelekveldar.
Gunstig pris på paintballutstyr.
Gratis deltaking på andre arrangement i samband med klubben, som td. grillkveldar, speling under arrangement som td. Kulturdagane i Skjolden osv..
Få opplæring i bruk av utstyr og reglar.
Bli kjent med folk med same interresse.
Vere med på å byggje, utvikle bana og klubben.
-----------------------------------------
Medlemsprisar  2010 (oppdatert 27.06.10).
Basismedlemskap:
Gutar og herrer: kr 100.- + 5 dugnadstimar i løp av 2010 (ofte ekstratilbod på enkelte spelekveldar)(*).
Gutar og herrer: kr 300.- (ikkje krav til dugnadsarbeid).
Jenter og damer: Gratis
Firmamedlemskap: meir info nederst på sida.
Betaling: sjå "Korleis bli medlem" nedanfor.
(*) = Dugnadstimar kan kompenserast med byggevarer(**)/ maskinarbeid etter avtale - ved ikkje dugnad ol. må du betale kr 400 i slutten av året.
(**)= Byggevarer som me alltid ynskjer oss er bildekk, lecablokker, steinheller, sement, armeringsgjern, impregnert vare, hun frå gran/ furu, plank og boks, diverse til tak osv.
-----------------------------------------
Spelekveldar:
Målet er å ha spelekveldar så ofte som mogeleg, noko som er avhengig av antalet medlemer som vil spele. Utgangspunktet er annankvar søndag. Oppfordringa vert derfor at medlemer og andre vert med så ofte som mogeleg. Det er ikkje krav at du må vere med å spele heile tida. Alle har lov til å vere publikum og benytte seg av benkar og grill ved bana heilt gratis under spelekveldar.
Alle spelekveldar vil bli lagt inn i denne kalendaren etterkvart som dei blir bestemt.
-----------------------------------------
Spelekveld/ Open dag prisar :

Speleavgift medlem med eige utstyr kr 0.- (medlem) / kr 50.- (ikkje medlem)

Ball (vinter): kr 400.- pr ks/ kr 100 pr pose (medlem) / kr 500 pr ks/ kr 150.- pr pose (ikkje medlem).

Prisar for leige av utstyr: kr 200 + 50 for kjeledress (inkl 500 ball) medlem ved leige av alt utstyr.
Kr 250 + 50 for kjeledress (inkl 500 ball) ikkje medlem ved leige av alt utstyr.

Det er kun lov å bruke vår ball under spelekveldar som må kjøpast for kvar spelekveld (untaket er dersom me er gått tom for ball)!
Eventuelle endringar av tidspunkt blir annonsert via e-mail/ facebook/ telefon. Facebook er pr idag den enklaste måten å sende ut endringar på, så det er viktig at du er med i gruppa vår.
-----------------------------------------
Korleis bli medlem?
Medlemskap gjeld normalt frå den dato medlemskapet er betalt og registrert på konto og ut det året.
Medlemskapet løper heilt til den vert sagt opp. Medlemskapet må seiast opp innan 1. oktober for kommande års medlemskap. Medlemskapet kan kun betalast til kontonr: 3785.12.39155 og merkast: "Medlemskap Luster Paintball Klubb 2010 for xxxxxx "(dette for å gjere det einklare rekneskapsmessig). Hugs å oppgje navn på medlem, adresse, e-mail, telefon og fødselsdato.
Medlemskapsdokument vert sendt ut pr post med eingong betalinga di er registrert evt e-post dersom det er ynskjeleg.
-----------------------------------------
Firmamedlemskap:
Alle firma, lag og organisasjonar har anledning til å teikne medlemskap hjå oss og gje støtte til oss for utvikling av klubben. Eit medlemskap gjev og rett til å bruke området til eigne aktivtetar etter avtale. Medlemer har òg anldning til å henge opp banner som er godt synleg på og ved bana, samt reklame på internettsida vår. Ta kontakt med oss for tilbod!

 

Sist oppdatert søndag 11. juli 2010 10:26