Kva er paintball?

Paintball er ein populær gruppeaktivitet, som kan utøvast av alle (aldersgrense) og er heilt ufarlig ved bruk av nødvendig tryggleiksutstyr (eit krav hjå oss).

Dette er ein sport der deltakarane brukar gass-drevne (med CO2, vanleg luft eller nitrogen) markørar (paintballgevær) for å skyte små malingkuler på kvarandre. Når ei kule treff ein person og ballen sprikk så malingen markerer vedkommande, er han/ ho ute av spelet og må gå tilbake til sikker sone.

Paintball spelast på fleire måter: banespel, skogsspel og scenariospel.

Kva er paintball?

Banespel vert ofte kalla speedball, sidan bana er heilt open unntatt eit 10-30 talls bunkera som er opplåsbare eller i tre. Kun omringa at eit sikkerhetsnett, slik at folk kan sjå på.

Skogspel vert spelt berre i skogen og spelarane brukar naturleg vegetasjon som dekningar, men nokre baner kan ha ekstra dekningar. Me bruker ein kombinasjon av skog og dekningar. Ein ball, «200 ball» osv, brukast kun i eintall. Ball vert seld oftast i kassar på 2000 ball (inneheld 4 poser á 500 ball), men og i posar på 500 ball.

Kort fortalt er ein paintball ein gelatin-kapsel fylt med vannløyseleg fargestoff. Ballens oppgåve er å komme heil ut av løpet, fly meir eller mindre rett gjennom lufta for endeleg å knuse på målet.

Fargestoffet vil etterlate seg eit merkje. Ballane er biologiske og blir vaska bort ved neste regnskyll/ vasking og er heilt miljøvenleg og kan etast om du vil. Billeg ballball inneheld ofte mykje plast i skalet, noko som gjer at den kan sprette av målet. I god ball er skalet av 100% (okse)gelatin. Det finns ball som er tilpasset kulde som kan brukast i kuldegrader.

For å kjøpe og eige ditt eige utstyr (markør) må du vere over 18 år. Foreldre bør vere sikker på at paintballutstyrer vert brukt på rett måte og tidspunkt, før dei evt går til innkjøp av dette til borna sine. Det kan vere skadeleg ved feil bruk så ver obs.

Dette er som nemt ein sport for alle og du treng ikkje ha god kondisjon heller for å vere med, sjølv om det er ein fordel når ardrenalinet og pulsen stig. Kven har vel lyst til å bli treft, for ikkje å sei å «skyte» andre? :) Det einaste du risikerer under spelet er nokre uskuldige blå merkje. Dette eri tillegg ein sosial aktivitet og er god trening på å jobbe som team.

Comments are closed.