• Heim
  • Nyheiter
  • Om oss
  • Nettbutikk
  • Kontakt oss
  • Bilder
  • Video NY!
  • 71 grader Nord
Les om 71 grader Nord sitt besøk
Les om TV Norge serien 71 grader Nord sitt besøk hjå oss her!
Meld deg på facebookgruppa vår!
Bli med i vår facebook gruppe, og motta invitasjonar til events og tilbod!
  • Heim
  • Kva er paintball?
  • Ditt arrangement
  • Spel og reglar
  • Bane, utstyr og kart
  • Logoar og Design
  • Sikkerhetsreglar
  • Spelekveldar
  • Medlemskap
  • Nettbutikk
  • Prisar
<<  August 10  >>
 M  T  O  T  F  L  S 
        1
  2  3  4  5  6  7  8
  9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031     
kommune2luster_spa
Torsdag 09.09.2010
Klarværfra sørøst14°C2.7m/s
0.0mm
Fredag 10.09.2010
Skyetfra sørøst14°C2.2m/s
0.0mm
Lørdag 11.09.2010
Regnfra sør-sørøst15°C2.8m/s
2.0mm
Søndag 12.09.2010
Regnbygerfra vest-sørvest15°C2.5m/s
0.6mm
Weather forecast from yr.no
Del på Facebook Save

Velkommen til Luster Paintball

Tom StiansenKom og opplev vår nye paintballbane  i Skjolden i Indre Sogn, eller slå opp teltet ditt på vår PaintballCamp like ved.

Om du vil spele paintball, høyre musikk, eller berre ha ein stad du kan overnatte og/ eller ha det morro er du velkommen.

Området ligg i Mørkridsdalen ved  Breheimen Nasjonalpark, ca 6 km frå tettstaden Skjolden i Luster kommune innst i Sognefjorden. I Oslo har me kontor og salg av utstyr.

Paintball har ein aukande popularitet og er spesielt populær blant lag som td. utdrikkingslag, ungdomsgrupper og til event/ kick off og teambuilding for firma. Bana vår er stadig i utvikling og er tilrettelagd for fleire typar spel. Luster Paintball starta i 2007 og er ei avdeling av Skjolden Rafting, som tilbyr kombinasjonspakker med paintball og rafting og andre aktivtetar som passar i området.

Ved bana finn du òg langbord for ca 40 personar der ein nyte god mat og drikke. Nytt frå sommaren 2010 er kiosk, toalett, parkeringsplass og toalett. Staden er idyllisk med utsikt utover elva og bana.

Området rundt bana er sikra med eit 3 meter høgt sikkerhetsnett som er nesten usynleg og er derfor publikumsvenleg. Her er også ideelt å arrangere konsertar, friluftsdisko og anna underhaldning. Me har også eit PA-anlegg på 1200 watt og aggregat, dersom behovet for musikk er der, som me brukar på større arrangement og når kundar ynskjer det.

Alle som vil vere med å utvikle klubben og bruke bana gratis på spelekveldane våre, kan melde seg inn i Luster Paintball Klubb. Les meir om medlemsfordeler og korleis du vert medlem her.

Del på Facebook
 

Siste 5 nyheiter

  • Påskepaintball for alle
  • PaintballCamp 2010
  • Reballturnering i Balestrand
  • Året 2009
  • 71 Grader Nord på besøk hjå Luster Paintball
banner4_komprimert_woods3