admin

Flauuuum..

Me hadde tidenes største skadeflaum for eit par veker sidan og paintballhuset og mykje utstyr vart totalskadd. Eine veggen er revet vekk og huset er flytt 4-5 meter. Dette har gjort at me måtte avlyse fleire arrangement. Beklagar dette, men moder jord er ikkje alltid på lag med oss. Me gjorde eit arrangement med Kaupanger Speidargruppe med litt av utstyret som var att og som fungerte. Bildene kan du sjå på facebookgruppa vår. Me har ikkje teke stilling til om me skal ha paintball her meir eller andre stadar eller avikle aktiviteten til neste år.

Straumforhold i Sognefjorden
Fekk nyleg telefon frå ein fiskeoppdrettar i ytre sogn som renska mærane sine etter flaumen for rekved. Han skulle ta vekk noko som såg ut som plastrestar. Det var ei paintballmaske som det stod Luster Paintball på og han lurte på om me sakna den. Han fekk behalde den som souvernir etter den hadde segla ut heile Sognefjorden.