Ditt arrangement

 
ditt arrangement

Me tilpassar oss dine ynskjer og målet vårt er berre fornøygde kundar.

For å spele har me sett ei nedre grense på 4 personar. Anbefaler minimum 7-8 (2 lag à min.4 pers). Dess fleire dess betre og meir action. Me greier pr idag ca 40 pers. samtidig (med vårt utstyr), men området har kapasitet på rundt 60 pers.

Lage mat? Dykk får stor grill til fri disposisjon i «kiosken» (hugs kol og tennveske), delvis overbygd sitjeplass for ca 40 personar, toalett og romsleg parkeringsplass.  Det er også anledning til å overnatte fritt i telt/ lavvo ved/på bana med fri bruk av toalett. Det er drikkevatn i elva som renn forbi.

Utdrikkingslag har lov til å ta med seg medbragt mat og drikke, men overstadig berusede personar vert tekne ut av spel pga sikkerhet. Me kan også ordne mat etter avtale.

Ved større grupper lagar me tilbod på førehand og det er lurt å vere ute i god tid. Typiske grupper er utdrikkingslag, vennegjengar, skuleklassar, fotball og håndballlag og firma frå ca 12 personar og oppover.

Me anbefalar å ta med skoskift, og at du brukar nokre sletne joggesko/ fjellsko under spelet.

Ta gjerne med eit håndkle/ klesskift òg. Du har muligheit for å leige garderobe og dusj dersom behov.

Oppmøte er ved bana til avtalt tidspunkt dersom ikkje anna er avtalt.

rib

Paintball i kombinasjon med RIB?

Dersom du ynskjer ein heftig båttur på Lustrafjorden i kombinasjon med paintball hjå oss er du komme på rett plass.
Skjolden Tours tilbyr frå 2013 båtturar for alle typar grupper.

Dei held til i Skjolden sentrum omlag 7 km unna. Sjekk heimesida deira her.

 

Hugs å «Like»  facebooksida. Facebooksida vert oppdatert fortløpande.

Comments are closed.