Grøn dag, suksess eller ikkje?

For første gong vart det arrangert «Grøn dag» på laurdag. Dette var eit prøveprosjekt med svært gunstige prisar (ettersom me ikkje har noko klubb lengre) og at lokale folk skal få anledning til å spele paintball, kjøpe ball og fylle luft til ein svært billeg penge. Invitasjon vart gjort via Facebook og flesteparten møtte opp. […]

kommentarer Continue Reading →

Med kyr på motstandarlaget

Arrangementa vår på laurdag baud på utfordringar.  Det heile begynte med då eg oppdaga at bana var «minebelagt» med ferske ku-ruker her og der.  Korleis kan dette ha skjedd og kyr var ikkje å sjå? :)  Etter å ha fått mokt vekk den verste skiten i kamp med klokka (for det skulle kome utdrikkingslag på […]

kommentarer Continue Reading →

«Grøn dag» – eit nytt tilbod for alle

Nytt tilbod for alle er «Grøn dag». I likheit med andre som opererer med «grøne prisar» er dette eit svært rabattert tilbod for alle. Dette er for å få fleire til å prøve og å vere med å spele paintball, eller som tykjer det er for dyrt med våre vanlege prisar. Standard prisane våre er […]

kommentarer Continue Reading →

71 grader nord 2009, episode 4

Som kjent hadde me besøk av 71 grader nord i 2009 på rafting og paintball. Det var lenge mogeleg å laste ned episoden på nett, men det er ikkje mogeleg lenger. Har no lukkast i å få tak i episode 4 av produksjonsselskapet og kan streamast her på sida.

kommentarer Continue Reading →

Nye overbygg på plass

Strålande sommarvarme tiltross for kalendaren berre synte 18.mai. Med varme kom kraftig snøsmelting som gjorde at vatn fløymde over eindel av bana. Dette var inga hindring for byggeaktiviteten. Då helga var omme er det bygd 2,5 meter overbygg over sitjeplass ved grillområde, 5 meter overbygg over pauseområde, samt omlag 70 meter med plankegjerde for å […]

kommentarer Continue Reading →

Sesong 2013 startar i helga

Paintballsesongen 2013 startar i helga. Det vert først rehabiltering i form av fornying av nett, bygging av nye vern, takoverbygg og gjerde, samt service av kompressor og aggregat. Dette vert gjort i pinsehelga og bana vil vere klar til å ta imot besøk utover året. Me er pr idag to instruktørar og ynskjer oss fleire. […]

kommentarer Continue Reading →

Videoklipp frå 2008, 2009 og 2010

Gått glipp av videoklipp frå sesong 2008, 2009 og 2010? Området og bana har nok forandra seg mykje etter desse, men litt artig å sjå korleis det var i byrjinga. Har nyleg opplasta klippa på Youtube og kan sjåast her: Det vil komme fleire  etterkvart :)

kommentarer Continue Reading →

71 grader nord på besøk

  Skjolden 14.mai 2009 (re-publish): Tom Stiansen med TV Norge sin realityserie 71 grader nord – «Norges vakreste eventyr» kom over Sognefjellet til Sognefjorden for første gong idag. Gruppa på 10 deltakarar hadde målgang kl 0900 ved Turtagrø Hotell, mens sola lyste opp toppane av Skagastølstindane. Vidare gjekk turen til Skjolden der det var duka […]

kommentarer Continue Reading →

Oppgradert heimeside

Den gamle websida vår er no oppgradert til nyaste versjon av WordPress. Dette er gjort etter ønskje frå webhotellet vårt pga utdatert grunnsystem (Joomla 1.5.26)  som er meir sårbart for hackerangrep. Diverse «kosmetiske» oppgradering vil kome dei næraste dagane :)

kommentarer Continue Reading →