• Heim
  • Nyheiter
  • Om oss
  • Nettbutikk
  • Kontakt oss
  • Bilder
  • Video NY!
  • 71 grader Nord
Les om 71 grader Nord sitt besøk
Les om TV Norge serien 71 grader Nord sitt besøk hjå oss her!
  • Heim
  • Kva er paintball?
  • Ditt arrangement
  • Spel og reglar
  • Bane, utstyr og kart
  • Logoar og Design
  • Sikkerhetsreglar
  • Spelekveldar
  • Medlemskap
  • Nettbutikk
  • Prisar
<<  Juli 10  >>
 M  T  O  T  F  L  S 
     1  2  3  4
  5  6  7  8  91011
12131415161718
19202122232425
262728293031 
Bane og Utstyr PDF Skriv ut E-post
Legg til Facebook

larsamoey200Området vårt består av ei hyperballbane og skogsbane som ligg på er ei øy i elva i Mørkridsdalen omlag 7 km frå Skjolden sentrum. Øya, som heiter Larsamoøy vart tidlegare nytta som slåttemark, men har vore attgrodd sidan 50 åra.

No har området heilt andre bruksområder og har hyppige besøk av turistar, utdrikkingslag, skuleklassar, bursdagsselskap og camping-gjester m.fl.
banaProsjektet med å lage paintball- bane her starta i juni 2007. Fyrst med å byggje bru, deretter rydding av skog og kratt, etterpå bygging av vern, tryggleiksnett og serviceområde ved bana.

Bana sto delvis ferdig 14. mai 2009 og vart første gong brukt av TV Norge serien 71 grader Nord same dag (les meir om besøket her). Bana vart etter nokre hektiske veker tilrettelagd for det hyggelege filmteamet, som fekk filma den første avgjerande frikortkonkurranse i den populære serien, som startar i 28. september 2009. Dei hadde vore på rafting tidlegare på dagen.

I våren 2010 vart det arrangert mellom anna PaintballCamp her med tilreisande frå heile landet, ny parkeringsplass er bygd, campingområde med toalett og servicebygg ved bana.

Området er i stadig utvikling og medlemer i klubben får anledning til å vere med å utvikle bana etter behov. Les meir om medlemskap i klubben her.

bane500

Faktaark Larsamoøy:

  • Øy i Mørkridselva i Mørkridsdalen.
  • Vegetasjon: ung skog i form av or, bjørk med innslag av selje og planta gran. Jord og leirgrunn med rik plantevekst og meterhøge bregner einkelte stadar.
  • Lengde: ca 250 meter.
  • Breidde: ca 90 meter (på det breiaste).
  • Adkomst med personbil/ minibuss, gratis parkering like ved (kun for oss, våre kundar og grunneigarar).
  • GPS/ Posisjon parkeringsplass: ca. 61.540000 N og 7.625889 Ø
  • Avstand frå Skjolden (nærmaste tettstad) ca 7 km.
  • Køyrebeskrivelse: klikk her
camp500

Utstyr
Vi har alt nødvendig paintballutstyr og tryggleiksutstyr som er eit krav for å drive med kommersiell paintball.

Noko av det me har disponibelt til utleige (saman med instruktør) til einkvar tid:

  • 20 stk Tippmann Custom 98 ACT Rental + 3-4 Tippmann Custom 98 PS ACT.
  • 30 stk Vernemasker med duggfritt glass (Vforce Armor og Vforce Vantage .
  • 30 stk 200 balls magasin.
  • Løpskondomar og halsbeskyttarar.
  • 25 stk 200 bar/ 1,1l luftflasker med regulator.
  • 3 stk Dykkerflasker (2 stk 300 bar og 1 stk 200 bar)
  • 2 stk Fyllestasjonar (overgang frå dykkerflaske til paintballflasker)
  • 50 l 300 bar luftbank.
  • 25 stk Sivilforsvarets kjeldress i str KN og LN (dekkjer dei fleste kroppsfigurane).
  • 4-5 oppblåsbare vern.
  • Raude og gule armbånd.
  • Sikkerhetsnett.
  • Kolonneflagg militært (til diverse spel).
  • Spruteflaske
  • Verktøy og pusseutstyr.
  • Ball i ubegrensa kvantum.
  • Kompressor til fylling av inntil 300 bars dykkerflasker.