Bane og Utstyr

larsamoey200Området vårt består av ei hyperballbane/ skogsbane som ligg på er ei øy i elva i Mørkridsdalen omlag 7 km frå Skjolden sentrum. Øya, som heiter Larsamoøy vart tidlegare nytta som slåttemark, men har vore attgrodd sidan 50 åra.

No har området heilt andre bruksområder og har hyppige besøk av utdrikkingslag, vennegjengar, skuleklassar, bursdagsselskap og camping-gjester m.fl. Vi har hatt grupper frå 4 – 60 personar.
bana
Prosjektet med å lage paintball- bane her starta i juni 2007. Fyrst med å byggje bru, deretter rydding av skog og kratt, etterpå bygging av vern, tryggleiksnett og serviceområde ved bana.

Bana sto delvis ferdig 14. mai 2009 og vart første gong brukt av TV Norge serien 71 grader Nord. Bana vart etter nokre hektiske veker tilrettelagd for det hyggelege filmteamet, som fekk filma den første avgjerande frikortkonkurranse i den populære serien, som startar i 28. september 2009. Dei hadde vore på Skjolden Rafting tidlegare på dagen.

I våren 2010 og 2011 vart det arrangert mellom anna paintballCamp her med tilreisande frå heile landet, ny parkeringsplass er bygd, campingområde med toalett og servicebygg ved bana.

Dei siste åra og spesielt i 2012 har me hatt firma heilt frå Førde og Lom/Vågå på blåturar, i tillegg til hovudtyngden av utdrikkingslag og skuleklassar. Har i 2012 og 2013 utvida kapasiteten til å ha utstyr for 40 personar samtidig. Det vart bygd overbygg over sitjeplassar og pauseområde i 2013.

bane500

Fakta om Larsamoøy:

  • Øy i Mørkridselva i Mørkridsdalen.
  • Vegetasjon: ung skog i form av or, bjørk med innslag av selje og planta gran. Jord og leirgrunn med rik plantevekst og meterhøge bregner einkelte stadar.
  • Lengde: ca 250 meter.
  • Breidde: ca 90 meter (på det breiaste).
  • Adkomst med personbil/ minibuss, gratis parkering like ved.
  • GPS/ Posisjon parkeringsplass: ca. 61.540000 N og 7.625889 Ø
  • Avstand frå Skjolden (nærmaste tettstad) ca 7 km.
  • Køyrebeskrivelse: klikk her
  • Mobildekning:  GSM og 3G vart opna 19. september 2013.
  • Google Maps: Klikk på B og velg Street View for å sjå området 360 grader.

camp500

Utstyr
Vi har alt nødvendig paintballutstyr og tryggleiksutstyr (som er eit krav for å drive med kommersiell paintball).

Comments are closed.